John Aavitsland
John Aavitsland | ||
---|---|---|
Født: | 5. mai 1886 | |
Død: | 1952 (alder 65–66) |
John Aavitsland (fødd 5. mai 1886, død 1952) var ein politikar frå Evje. Han var varaordførar i Evje kommunestyre 1937, men vart innvald alt i 1923. Etter at han vart vald til varaordførar i 1934, var han fungerande ordførar i resten av perioden, ettersom ordførar Torvald Haavardstad møtte på Stortinget i den perioden.
3. april 1918 gifta han seg med Anna Aavitsland, fødd Vatne 19. januar 1898 i Flekkefjord. Dei fekk fem barn: Karl Aavitsland, fødd 14. februar 1919, Johan Aavitsland, fødd 25. desember 1920, Solveig Åvitsland, fødd 8. september 1924, Lilly Aavistland, fødd 16. september 1927 og Arna Aavitsland, fødd 17. januar 1931. John Aavitsland vart gravlagd 19. januar 1952.
John Aavistland hadde eigedomen Karlskrona, gnr. 20, bnr. 39 nær Evje jernbanestasjon. Den var på fem mål, våningshuset var oppført i 1922, fjøset i 1938. Kona overtok eigedomen då han døydde og i 1955 hadde ho tre griser.
Kjelder
- Norges heradstyre i jubileumsåret 1937, side 23-25
- Norges bebyggelse. Sørlige seksjon. Aust-Agder, vestre del side 231