Johan H. Grimstad
Hopp til navigering
Hopp til søk
Johan H. Grimstad | ||
---|---|---|
Født: | 31. august 1924 | |
Død: | 8. mars 2006 (81 år) |
Johan H. Grimstad (fødd 31. august 1924, død 8. mars 2006) var lærar frå Hareid kommune. Han var og komponist og var i ein lang periode dirigent for Hareid blandakor og Sunnmøre Kristelege Mannskor. Alt medan han tok lærarutdanning i Volda var han aktiv i mannskvartetten Storm, som seinare endra namn til Grimstadkoret. Dette koret hadde fleire framføringar i TV på 1960-talet. Johan H. Grimstad var æresmedlem av Norges Korforbund Sunnmøre.
I tillegg til eit aktivt liv med musikk skreiv Johan H. Grimstad også dikt. Han gav ut diktsamlinga Kornet og freden på Setesdalsforlaget i 1998, det var 2. opplag av boka, som opprinneleg kom ut på Rune forlag i 1980.
Bibliografi
- Havet og samvitet Snøfugl forlag 2003 ISBN 82-7083-285-5
- Kornet og freden Setesdalsforlaget 1998 ISBN 82-91820-29-5
- Kornet og freden Rune forlag 1980 ISBN 82-523-0254-8