Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige er eit kyrkjesamfunn som held til på Evjemoen, der dei har fått eige lokale i bygg nr. 93, like ved dei kommunale kontora. Tidlegare hadde dei samlingane sine i Furuly foreningshus. Kyrkjesamfunnet vert kalla mormonarane til dagleg. Dei starta aktiviteten sin på Evje i oktober 1997 og oppretta det dei kallar «Evje gren» i 1998. Leiar for Evje gren er Tor Magne Hansen, som bur på Konsmo. Medlemmene kjem frå Audnedal i sør via Evje og Hornnes i midten til Bykle i nord. Dei har møter søndagar klokka 12.

Kjelder og eksterne lenker