Jens Arild Johannessen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jens Arild JohannessenSymbol unrelated.svg
Født: 23. april 1961 (59 år)

Jens Arild Johannessen (fødd 23. april 1961) er rådmann i Evje og Hornnes kommune. Han er frå Lyngdal, der han hadde vore kultursjef i 12 år då han kom til Evje i 2006. I tida som kultursjef i Lyngdal, vart Lyngdal kulturhus bygd. Før det arbeidde han seks år i Kvinesdal kommune, der Jens Kjell Førland var sjefen hans.

Utdanninga si har Jens Arild Johannessen frå USA, der han gjekk på idrett- og helsefag i fire år. Han hadde bronsemedalje på 100 m under NM i friidrett 1979 som grunnlag, då fekk han idrettstipend. Sidan studerte han på Norges kommunal og sosialhøgskole. I fritida er han trenar for friidrettsgruppa i Lyngdal, der også døtrene hans er aktive.

På seinvinteren 2018 blei det kjent at Jens Arild hadde søkt og fått stillinga som rådmann i Kvinesdal. Han skulle ta til i den nye jobben rundt 1. august 2018. Han hadde då vore rådmann i Evje og Hornnes i 12 år. Han har budd i Lyngdal medan han var rådmann i Evje og Hornnes.

Kjelder[rediger]