Jørund Bakke

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jørund Bakke
Født: 2. desember 1936
Død: 12. september 2010 (73 år)

Jørund Bakke (fødd 2. desember 1936 i Grendi, død 12. september 2010 i Grendi) var lærar på Evje ungdomsskule. Han var adjunkt.

Han var medlem av kommunestyret i Bygland i fleire periodar, og var også i formannskapet.

Jørund Bakke var ein aktiv skogeigar og leiar av Årdal skogeigarlag i mange år. Han sat i styret i Agder Skogeigarlag frå 1985 til 1994 og han tok initiativet til å gje ut jubileumshefte for Årdal skogeigarlag. Han var også aktiv elgjegar og levande oppteken av viltforvaltning. Han var og sterkt engasjert i fiskekultiveringa i Valbjørgvatn.

Jørund Bakke var gift med Arna Bakke.

Kjelde[rediger]