Iveland frivilligsentral

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Iveland frivilligsentral.

Iveland frivilligsentral vart stifta i 1991 og held til i BestestauaBirketveit. Helene Hauan er dagleg leiar for om lag 65 hjelparar.

Mellom oppgåvene og aktivitetane er matombringing for eldre, å vere lyttevenner på skulane, songkveldar og bingo på Iveland Bygdeheim, datakafè, strikkekafè og kompekafè ein gong i månaden. Frivilligsentralen arrangerer også kveldssamlingar med ulike tema og lunsj kvar måndag.

Styre 2016[rediger]

Gunnar Håverstad (leiar), Ellinor Lindland (nestleiar), Marion Søttrup, Rolf Anners Christensen, Harald Ove Stien, Solveig Eikild og Monica Verdal (kommunens representant). Varamedlemer: Bianca Gemballa, Liv Moi, Astrid Landås og Anne-Britt Christensen

Opningstider[rediger]

  • Måndag 9.30 - 14.00
  • Onsdag 9.30 - 14.00 og aktivitetsbingo frå klokka 18
  • Torsdag 15.30 - 20.00

Heider[rediger]

Under feiringa av Iveland frivilligsentral sitt 25-årsjubileum i Iveland 2. september 2016 blei Frivilligsentralen tildelt Voss-stipendet på 25 000 kroner.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]