Ingebjørg Mosdøl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ingebjørg MosdølSymbol unrelated.svg
Født: 11. oktober 1927 (91 år)

Ingebjørg Mosdøl (fødd 11. oktober 1927) var fødd på garden Åsheim i Bykle, i nærleiken av Vatnedalsosen mellom Bykle og Hovden. Ho vaks opp i ein søskenflokk på fem. Ho gjekk på skule på Berdalsbru, der hadde ho Knut Rike til lærar. Sidan flytta ho til Bø i Telemark og arbeidde på ein gard der under krigen før ho kom tilbake til Bykle og arbeidde på butikk, først hos Torjus Breive, sidan på Bykle samvirkelag. Der møtte ho Knut O. Mosdøl, som ho gifta seg med. Dei budde på Mosdøl og fekk barna Ola Mosdøl, Gunhild Faremo og Inga Flateland. I mange år arbeidde ho også på telefonsentralen i Bykle.

I fritida engasjerte Ingebjørg Mosdøl seg i misjonsarbeid, ikkje minst knytta til Berdalsbru bedehus. Ho likte godt å strikke og laga mange gevinstar til basarar og jolemesser. I 2018 flytta ho inn på Bykle alders- og sjukeheim.

Kjelder[rediger]