Høgetveit Gård

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjur Høgetveit foran morelltunnelane på Høgetveit 17. juli 2020.

Høgetveit Gård er ein morell- og bringebærprodusent på Høgetveit i Evje. Dei dyrkar også litt plommer. Morellproduksjonen er den høgastliggande i heile Norden, om lag 300 moh. Drivarar er Wenche Rundsag Høgetveit og Sjur Høgetveit. Dei planta dei første morelltrea i 1996, og hausta dei første morellane i 2000. Produksjonen blir seld til grossistar, og noko direkte frå gardsutsal på Høgetveit.

Kjelder

Eksterne lenker