Hylestad pistolklubb

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Walther P22 pistol

Hylestad pistolklubb er eit skytterlag i Valle kommune. Klubben vart stifta i 1980 og har pr 2011 44 medlemmer. Leiar er Knut Arne Rysstad.

Aktiviteten i klubben[rediger]

Pistolklubben har stor aktivitet heile året igjennom med mange aktive medlemer som i haust- og vintermånadene trenar på den innandørs skjotebanen Smeddestoga i Valle kultursenter. Tysdag er klubben sin treningsdag, og til jol og om våren er det avslutningstevling med fine premiar. På treningskveldane serverast det kaffi, brus og kjeks og det er alltid god stemning på bakromet.

Vår og sommar driv dei skyting på klubben sin utandørs pistolbane på Hovet skytebane.

Eige våpen[rediger]

For å kunne kjøpe og eige eit handvåpen må ein sende søknad til politiet. Med søknaden må det liggje dokumentasjon på aktivt medlemsskap i ein pistolklubb. For å delta på treningsskytingane må ein ha gjennomgått eit obligatorisk sikkerheitskurs som handlar om reglar for framferd på skytebanen, generelle reglar for bruk og oppbevaring av handvåpen og litt om skyteteknikk. Klubben vil gjerne ha fleire medlemmer, spesielt ungdom.

Terminliste[rediger]

2011-2012

Alle skytingane tek til klokka 18.

Dato Ansvarleg Ansvarleg
08.11.2011 Einar Brokke Ånund T. Haugen
22.11.2011 Ståle Solbakk Lye Jostein Rysstad
06.12.2011 Torgeir Solbakk Birger Trydal
20.12.2011 Knut Arne Rysstad Tom Ståle Moseid
2012
10.01.2012 Åge Rysstad Torleiv B. Harstad
24.01.2012 Einar Brokke Jon K. Rysstad
07.02.2012 Knut Arne Rysstad Ånund T. Haugen
14.02.2012 Årsmøte
21.02.2012 Torgeir Solbakk Åge Rysstad
06.03.2012 Svenn M. Brokke Bjørgulv O. Rysstad
20.03.2012 Torleiv Nomeland Jostein Rysstad
10.04.2012 Ståle Solbakk Lye Einar Tveit
24.04.2012 Tom Ståle Moseid Gunnar A. Helle

Kjelder[rediger]

  • Kommunedelplan Anlegg og område for idrott og friluftsliv 2008-2011 Valle kommune
  • Annonse i Setesdølen nr. 92, 2011 side 14

Eksterne lenker[rediger]