Hovdenrevyen 2021
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hovdenrevyen 2021 hadde tittelen Siste stikk??. Han vart spelt på Hovden grendehus fredag 29. oktober 2021, laurdag 30. oktober 2021, fredag 5. november 2021 og laurdag 6. november 2021. Det var revy nr. 30. Billettane kosta 275 kroner. Bykle og Hovden teaterlag var arrangørar.
Skodespelarar som deltok i ulike innslag var Berit Follerås, Anne Karin Blix Grimestad, Bjørg Vatnestrøm, Berit Follerås, Therese Drangsholt Gabrielsen, Tom Are Strømsvik, Else Gyro Rysstad og Thoralf Hildebrandt. Instruktør var Bjøro Hildebrandt. Magnus Malmedal Drågen (musikalsk leiar), Bjørn Einar Andersen, Jorunn Andersen, Mats Andreas Andersen og Ryszard Goseiniak var revybandet. Lyden var ved Kjetil Carolis Jore og Sondre Hoslemo.
![]() | Hovdenrevyen er ei framsyning på jamnen, med nokre flotte høgdepunkt. Best er truppen når dei vågar å kaste seg heilt ut i det!. | ![]() |
– Ole Birger Lien |
Kjelder
- Ole Birger Lien, Frå korona til Bykle sadistparti!, artikkel i Setesdølen nr. 82, 2021 side 10