Hovdenrevyen 2018

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Plakaten

Hovdenrevyen 2018 hadde tittelen Hall-le-luja. Den vart spelt på Hovden grendehus fredag 2. november 2018, laurdag 3. november 2018, fredag 9. november 2018 og laurdag 10. november 2018. Billettane kosta 250 kroner. Bykle og Hovden teaterlag var arrangørar.

Skodespelarar som deltok i ulike innslag var Berit Follerås, Anne Karin Blix Grimestad, Bjørg Vatnestrøm, Siv Katrin Carlsen, Vegard Portaasen, Tom Are Strømsvik, Else Gyro Rysstad og Thoralf Hildebrandt. Instruktør var Bjøro Hildebrandt og Magnus Malmedal Drågen var musikalsk leiar.

SitatKort oppsummert har Bykle og Hovden teaterlag laga ein revy på jamnen, men med somme høgdepunkt som er skikkeleg gode. Tar ein i betraktning kor få dei er i teatergruppa, er det imponerande at dei får til revy år etter år. Så er nok inntrykket i år at ein del vart i overkant internt. Ein skal i alle fall ha ei viss oversikt over personar og hendingar øvst i dale for å fylgje med. Breidden på det som vart servert var likevel god, frå monolog til sketsjar og song.Sitat
– Ole Birger Lien

Kjelder