Heilag Olav til Setesdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Boka si framside med illustrasjon av Olav Bjørgum.

Heilag Olav til Setesdal er ei «reiseskildring» der forfattaren Olav Bjørgum ser føre seg korleis ferda til Heilag Olav kunne ha gått føre seg, om han skulle ha funne på å legge låma oppetter Setesdal. Skildringa er i verseform. Nokre trådar i skildringa er festa til sume av segnene som har gått på folkemunne om Heilag Olav sin ferd gjennom dalen. «Tråden vert spunnen vidare og slegen inn i eit fargeband med skiftande mønster, - og fylgjer dalføret frå Byglandsfjord til Bykleheiane», skriv forfattaren i føreordet.

Heftet er rikt illustrert av Olav Bjørgum (grafiker), namnebror og brorson til forfattaren.

Boka er utgjeve av kulturstyra i Valle, Bykle, Bygland og Evje og Hornnes i 1983. Ho er trykt hos Johs. Grefslie Trykkeri AS på Mysen. 80 sider. ISBN 82-90300-08-5