Hopp til innhald

Haukelivegen

Frå Setesdalswiki

Haukelivegen er vegen over Haukelifjell. Den offisielle nemninga i dag (2026) er E134.

Historie

Den fyrste ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) over Haukelifjell blei ferdig i 1889. Men alt på 1870-talet kunne ein køyre med hest og kjerre på dei fyrste delane av vegen.

Ein tidleg pådrivar fyrst på 1800-talet var prosten Nils Hertzberg, som er blitt kalla «Haukelivegens far». Vegsjef Hans Hagerup Krag engasjerte seg personleg i utbygginga. Denne fyrste vegen var ikkje open om vinteren.

I 1960 tok arbeidet med å bygge heilårsveg over Haukelifjell til. I 1967 var det gjennomslag for Haukelitunnelen og frå vinteren 1967/1968 kunne vegen over fjellet brukast heile året. Den offisielle opninga var 7. september 1968. Skipsreiar Ingvar Meling er blitt kalla «Heilårsvegens far».

Kjelder

Kart