Haukeli kraftverk


Haukeli kraftverk er eit vasskraftverk på Haukeli, i elva Vai i Skiensvassdraget, i Vinje kommune i Telemark fylke. Kraftverket blei opna i november 2013.
Eit tidlegare kraftverk på staden var i drift i 1957, men blei rive då det nye kom i drift. Installert effekt er auka frå 4 til 4,9 MW frå ein horisontal francisturbin. Midlere årsproduksjon er 38 GWh.
Kraftverket er eigd av Statkraft.
Langeidvatn er reguleringsmagasin og vatnet kan regulerast mellom 889 og 879 moh. Det blir også overført vatn frå Gurivatn som elles ville ha drenert mot Grungedal og frå Vrongavatn.
Historie
Haukeli kraftverk var opphaveleg bygd som eit mellombels anleggskraftverk, som skulle forsyne Tokke-utbygginga på 1960-talet med straum. Men kraftverket fekk likevel leve vidare då den utbygginga var ferdig.
Kjelder
- Artikkelen om Haukeli kraftverk på Wikipedia (bokmål), besøkt 5. august 2026
- Informasjonsskilt ved det nye kraftverket