Hægelands-boka. III. Kultursoga

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hægelands-boka. III. Kultursoga omhandlar delar av kultursoga til tidlegare Hægeland kommune, som frå 1965 er ein del av Vennesla kommune. Boka er tufta på eit uferdig manuskript etter Jon Åsen (f. 1892, d. 1963), og fullført og utgjeve av sonen Kjell Åsen i 1967. Trykt hos Agder Tidens Trykkeri. 757 sider.

Ein del bolkar som naturleg ville høyre med i boka, som geologi, planteliv, arkeologi, administrative inndelingar og målføre, er i staden med i Torridals-boka (1957, Hægeland II). Hægelands-boka I er gards- og ættesoga.

Innhald

  • Kyrkja
  • Skulesoga
  • Liv og lære, brot og straff i einevaldstida
  • Lensamnnen i bygda
  • Hærtenesta
  • Kommunikasjonane
  • Næringslivet på 1600- og 1700-talet
  • Fattigstellet
  • Uår og matnaud
  • Rovdyr, veiding og fangst
  • Hus og heim – gard og grend
  • Næringsliv og økonomisk utvikling på 1800-talet
  • Kyrkje- og kristenliv på 1800-talet
  • Sjølvstyre og nasjonal vekst
  • Bumerke
  • Mynt, mål og vekt
  • Tillegg og retting til Hægeland I

Kjelder

  • Boka