Guro Nordli Solbakk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Guro Nordli SolbakkSymbol unrelated.svg
Guro Nordli Solbakk.jpg
Født: 24. mai 1952 (71 år)

Guro Nordli Solbakk (fødd 24. mai 1952) er «rådgjevar flyktning» i Valle kommune, ein stilling ho har hatt sidan 1. september 1994, med nokre permisjonsperiodar. Ho vaks opp i Åmli og gjekk på Bø landsgymnas, der ho gjekk på norrønlinja og var ferdig våren 1972. Etter tida i Bø fekk ho seg jobb som lærarvikar på Nordfjord folkehøgskule, der ho var eitt år. Så var ho heime eitt år som lærarvikar medan ho tok førebuande prøver i filosofi, deretter gjekk turen til Universitetet i Oslo i 1974. I studietida hadde ho deltidsjobb på Oslo postterminal.

I 1976 møtte ho Torgeir Solbakk, og dei gifta seg i 1978. I 1981 flytta dei til Hovet, men dei budde også andre stader til han fekk fast jobb i Valle kommune. Medan borna var små, hadde Guro Nordli Solbakk vikarjobbar i Valle kommune, mellom anna på turistkontoret i Valle. Ho har og vore lærarvikar og konsulent for funksjonshemma. Parallellt med arbeidet har ho teke vidareutanning og fått med seg ei rekke fag både frå Høgskolen i Oslo og Universitetet i Agder.

Guro er mor til Marianne Solbakk, Lillian Solbakk, Åse Solbakk, Jørgen Solbakk og Ingebjørg Solbakk.