Gråsulen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gråsulen var ein låsboge som fanst i Rygnestadloftet i eldre tid. Offiseren Christian von Koss (f. 1698, d. 1758) ville absolutt ha bogen. Torleiv Åsmundson (f. ca. 1641, d. 1723) ville ikkje gje han frå seg, då han hadde ligge på Rygnestad «mann etter mann». Men til slutt gav han etter. Bogen skal etter Johannes Skar ha endt på Rustkammereti København.
Det er ikke kjende spor etter bogen i dag, korkje i København eller andre stader. Vonde-Åsmund Rygnestad kan ha eigd bogen, men det finst ikkje handfaste bevis for det.
Kjelder
- Ruth Hamran, Billedsamlingen i Rygnestadloftet, Novus Forlag, Oslo 2002, side 255–256