Moivegen

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Fylkesveg 308)
Hopp til navigering Hopp til søk
Moivegen med Skrivargarden til venstre.

Moivegen er det lokale namnet på Fylkesveg 3790, og går gjennom grenda Moisund sør i Evje og Hornnes kommune. Vegen tek til ved Rv-9 (Setesdalsvegen) ved Hannåskilen, nord for den lange Moisundsletta, og går vest for og parallelt med riksvegen sørover gjennom busetnaden og ut igjen på riksvegen mot sørenden av den lange sletta. Før den nye Setesdalsvegen (kompensasjonsvegen) kom her i 1964–1965, var det korte vegstykket ein del av hovudvegen gjennom Setesdal. Den aller første køyrevegen gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk også her.

Skrivarvegen startar midt på Moivegen og kryssar riksveg 9.

Kjelder