Fotballgolf

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Fotballgolf også kalla putball er eit ballspel. Det er ei blanding mellom fotball og golf og går ut på å få ballen ned i eit visst antall hol med færrast mogleg spark. Det kan spelast som individuell konkurranse eller lagkonkurranse med opp til fire spelarar på laget.

Utstyr[rediger]

Banen har som oftast 9 hol, og det er ulike hindringar som ein må passere for å treffe kvart hol. Ein nyttar fotball i storleik 4, det finst røde, blå, gule, og grønne ballar. I tillegg treng ein eit ark for å skrive poengtal og ei brikke i same farge som ballen ein brukar. Denne legg ein ned for at ikkje andre skal treffe ballen. Kvart hol har eit maks antall spark, brukar ein fleire spark, får ein to ekstra poeng.

Lokalt[rediger]

Fotballbanen ved Otrahallen er blitt tilrettelagt for fotballgolf. 29. september 2011 var første finalen i fotballgolf i Setesdal.

Kjelde[rediger]