Flaks Film

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Flaks Film er eit filmselskap med hovudkontor på Bygland. Selskapet er ei vidareføring av verksemda i DreamSurf under nytt namn. Firmaet produserer reklamefilmar og tek på seg det meste av oppdrag elles. Dei kan både filme, klyppe og regissere filmane sjølv. Dei har spesialkompetanse på dronefilming m.m, og kan også ta reine fotooppdrag. Dei tilsette er (2023) Trond Haugå (dagleg leiar), Roald Skibsrud og Ingeborg Skreland. Dei arbeider deltid i selskapet, ved sida av anna arbeid og studier.

Kjelder

Eksterne lenker