Fjelestadvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjelestadvegen med dei bratte bakkane forbi garden Li.

Fjelestadvegen er ein kommunal veg (veg nr. 24) som går frå Abusdalsvegen til garden Fjellestad på heia sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Først går vegen temmeleg snorbeint ca to km i nord-vestleg retning til garden Li. Så svingar han brått mot sør og straks etter rett vestover, og går bratt oppover til Fjellestad. Han fortset forbi garden og inn til dei store hyttefelta på heia vest for Fjellestad. Det er stor trafikk på vegen, og det skal vere private planar om å legge om det siste bratte stykket av vegen for å lette tilkomsten til hyttene i området.

Kjelder