Evje Taekwondo Klubb

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Taekwondo under Idrettsskulen i Otrahallen sommaren 2011.

Evje Taekwondo Klubb vart etablert i 1996. Den fyrste tida hadde klubben base i gymsalen på Evje skule, men etter fem år flytta dei aktivitetane sine til Otrahallen, der dei held til i skytesalen. Klubben har vel 30 medlemmer og treningar måndag, tysdag og fredag. Dei fleste medlemmene trener tre dagar i veka, men dei yngste trenar to dagar.

I mars 2013 arrangerte klubben landsleir med over 100 deltakarar frå heile landet. I april 2016 feira han 20-årsjubileum med samling av utøvarar frå heile landet og stor jubileumsfest.

Styre[rediger]

Styret i 2016

Eirik Brottveit (fødd 1985), leiar, Ellen Jacobine Skjeggedal, nestleiar, Geir Olav Kallhovd (fødd 1976), styremedlem, Linda Stålesen Brottveit (fødd 1963), styremedlem, Jonas Omland Bentsen (fødd 1992), styremedlem, Angela Fernandez Orellana (fødd 1978), styremedlem og Chanett Bredesen-Haugaa (fødd 1984), styremedlem.

Desse var med i styret i klubben i 2013

Eirik Brottveit, leiar, Ellen Tjøntveit Dale (fødd 1986), nestleiar. Styremedlemmer var Linda Stålesen Brottveit, Jonas Omland Bentsen og May Britt Flathen (fødd 1976).

Leiarar[rediger]

Kjelder[rediger]