Eptevatn (Lindesnes)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Eptevatn er eit regulert vatn på heia nord-vest for Tryland i Vigmostad i Lindesnes kommune. Kommunegrensa mellom Lindesnes og Lyngdal går tvers over vatnet. Den nordlege delen ligg såleis i Lyngdal.
Eptevatn er regulert og magasin for Tryland kraftverk. Reguleringshøgda er ti meter. Høgaste regulerte vasstand (HRV) er 231,92 moh. Lågaste regulerte vasstand (LRV) er 221,92 moh.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Skilt på dammen ved Eptevatn med informasjon om høgaste og lågaste regulerte vasstand