Eivind Vad Petterson

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Vad PettersonSymbol unrelated.svg
Født: 1981 (alder 43–44)

Eivind Vad Petersson (født 1981) er statssekretær for utenriksminister Espen Barth Eide frå 16. oktober 2023. Han var regjeringa sin representant på Sikkerhetsforum Sør 28. mai 2025Evjemoen.

Dei første åra budde han i Kirkenes, men familien flytta så til Oslo, der han gjekk på Tåsen skole og sidan på Oslo katedralskole. I 2006 tok han bachelorgrad i Internasjonale studier og Europa-studier ved Universitetet i Oslo og i 2007 mastergrad i europeisk og internasjonal politikk, London School of Economics (LSE). Så fekk han jobb som kommunikasjonsrådgjevar i Universitets- og høgskolerådet i 2007, men året etter starta han som aspirant i UD. Frå 2010 var han diplomat ved ambassadane i Sør-Sudan, Sør-Afrika og Tyskland, men i 2016 gjekk han til Ap si stortingsgruppe som utanriks- og forsvarspolitisk rådgjevar og var der til han vart statssekretær.

Frå 2003 til 2004 var han internasjonalt ansvarleg i Norsk studentorganisasjon og frå 2004 til 2006 var han nestleiar i Landsfårdet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).

Kjelder