Eirik Hodnemyr

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Eirik Hodnemyr
Født: 14. oktober 2000 (25 år)

Eirik Hodnemyr (fødd 14. oktober 2000 i Kristiansand) er ein organist frå Vennesla. Han gjekk ut av Vennesla vidaregåande skule i 2019, og tok musikkutdanning på Ansgarskolen i Kristiansand i åra 2019 – 2022. Samstundes arbeida han som organist i Vegårshei, før han i 2022 fekk arbeid som organist i Greipstad og Finsland i Kristiansand. Frå hausten 2024 til våren 2025 fungerte han som kyrkjelydssekretær i Vennesla sokn.

Frå 1. januar 2025 er Hodnemyr tilsett som organist i Bykle og Valle og Hylestad sokn, samt gjer teneste i Bygland og Evje og Hornnes sokn.

Hodnemyr er òg kommunestyrepolitikar og gruppeleiar i Vennesla for Kristeleg Folkeparti. I tillegg er han vara til styret i Vennesla dialekt- og mållag.