Egil Kåre Løvland
Egil Kåre Løvland (fødd 19. november 1916, død 19. januar 2002) vaks opp på Lauvland i Evje, men budde i Oslo. Han var utdanna ingeniør. Egil Kåre var under andre verdskrig med i ei kommunistisk motstandsgruppe i Evje, med forgreiningar til «Lumbergruppa» i Kristiansand. Han blei arrestert av tyskerane 15. september 1942, og sat i fangenskap i fleire konsentrasjonsleirar i Tyskland til freden våren 1945.
Utdanning
Egil Kåre tok eksamen artium på Hornnes landsgymnas i 1936. Han gjekk på radiotelegrafilinja på Ingeniørvesenets Befalsskule og fekk radiosertifikat av første klasse. Han gjekk også på elektrolinje ved Gøteborgs Tekniske Institutt.
Arbeid
Etter å ha kome heim frå krigsfangenskap i 1945 segla Egil Kåre til sjøs som radiotelegrafist. Han gifta seg i 1948, og familien slo seg til i Oslo. Han arbeidde for radiofabrikkane Radionette og Tandberg.
Familie
Egil Kåre var son av Gunnar O. Løvland (f. 1873, d. 1935) og Birgit T. Løvland (f. Oterholt 1874, d. 1945). Han var yngst av 10 syskjen som levde opp. I 1948 gifta han seg med [[Martha Løvland (f. Reiestad). Dei fekk tre born saman, Margrethe, Ingrid og Gunnar.
Kjelder
- Om Egil Kåre Løvland på Fanger.no
- Ellen Miøen Sæther, Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk, utgjeve av Evje og Hornnes sogelag, 2013
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2. utgave, 2018, side 302–303 og side 522–523