Egil Juvastøl

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Egil JuvastølSymbol unrelated.svg
Født: 30. april 1943 (81 år)

Egil Juvastøl (fødd 30. april 1943 i Åseral) er tidlegare salssjef og kontorsjef ved Skibsplast AS på Evje. Han vaks opp i Kristiansand, men kom til Evje som offiser på Evjemoen. Deretter kom han til Skibsplast, der han var tilsett i over 30 år. Gjennom åra har han selt 10.000 båtar, og i den tida var han mykje på reise i inn- og utland. Han hadde likevel tid til å engasjere seg i lokalt kulturliv og var aktiv i Morus-revyen og på andre måtar. I tillegg var han områdesjef i Heimevernet og lokallagsleiar i Evje og Hornnes Høyre, der han har hatt mange verv. Han hadde og plass i Evje og Hornnes kommunestyre ein periode og som pensjonist har han engasjert seg i Evje og Hornnes pensjonistforening.

Han er gift med Inger Juvastøl. Dei har tre vaksne born.

Kjelde