Drømmehagen Byremo
Drømmehagen Byremo er eit gartneri på Byremo. Silje Løland etablerte selskapet i 2013. Gartneriet har besøk frå heile Agder, mange grupper som pensjonistforeningar og hagelag legg turen til dette hagesenteret, der innehavaren prøver å gjere besøket til ei oppleving for gjestene. Dei har spesielt fokus på vekster som folk kan ete, og hadde i 2018 over 5000 følgjarar på facebooksida si.
Kjelder[rediger]
- Sigurd Haugsgjerd: «Drømmehagen» på Byremo. Artikkel i Setesdølen nr. 33, 2018 side 12
- Side hos proff.no
- Facebooksida til Drømmehagen Byremo