Dominikus Bjordal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Dominikus Bjordal
Født: 31. juli 1933
Død: 20. september 2018 (85 år)

Dominikus Nagelll Bjordal (fødd 31. juli 1933, død 20. september 2018) var ordførar i Ølen i 16 år, frå 1983 til 1999. Han representerte Sp og arbeidde for at Ølen skulle flyttast frå Hordaland til Rogaland, noko som vart vedteke i 2003. I 2006 vart så Ølen slått saman med Vindafjord. Då var han medlem av kommunestyret der. I perioden 1981 til 1985 var han vararepresentant til Stortinget.

Dominikus Bjordal budde på Vindafjordtunet den siste tida. Han etterlet seg barna Andor Bjordal, Jens Bjordal og Tutti, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Vikebygd kyrkje onsdag 26. september 2018 klokka 13.

Kjelder[rediger]