Det strøymer ei livselv av lukka
Hopp til navigering
Hopp til søk
Det strøymer ei livselv av lukka er ein sang av Trygve Bjerkrheim frå 1957. Han skreiv teksten etter ei nattverdstund sundag 20. oktober 1957. Då brukte han ein melodi av den finske komponisten Hjalmar Backman. Randulf Saunes tok teksten med til Ragnar Ørstavik, som laga den melodien som no vert bruka.
Første opptaket av sangen vart gjort for andakten i NRK i 1961 med Randulf Saunes, men han er også innspelt med Brita Finne og ungdomskoret Jubilo.
Kjelder
- Omtale i Lundes sang- og salmeleksikon side 74
- Omtale på salmebloggen.no