Dei gamle gjorde heiane flate
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dei gamle gjorde heiane flate er eit uttrykk i Setesdal. Før køyrevegane (kjerrevegane) kom, måtte bøndene gå til fots eller bruke hest når dei skulle til dømes til byen for å selge og kjøpe varer. Dei prøvde då å finne den vegen som var mest praktisk og hensiktsmessig; der det var lett å gå. Det gjaldt også når dei kom med kløvhest eller slede. Dei følgde terrenget så godt det let seg gjere. Mange stadar blei terrenget nedslite, og det gjorde vegen lett å sjå.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 19–21