Dagfinn Lauvsland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Dagfinn LauvslandSymbol unrelated.svg
Født: 18. august 1959 (60 år)

Dagfinn Lauvsland (fødd 18. august 1959) var rådmann i Evje og Hornnes kommune frå juli 1995 til juli 1998. Han begynte i kommunen i 1991 som kommunekasserar/IT-ansvarleg. I 1993 vart han økonomisjef, ei stilling han hadde i to år før han vart rådmann.

I åra etter at han reiste frå rådmannsstillinga, var han journalist, både sommarvikar i avisa Dagen og frilansar i Søgne og Songdalen Budstikke. Han har vore seksjonsleiar i Ergogroup med ansvar for budsjett og drift. Denne stillinga hadde han frå 2000 til 2009. Så var han eit par år hos KS-konsulent og eKommuner.no før han i 2011 begynte i Det digitale Vest-Agder. Frå 1. februar 2013 er han dagleg leiar i Lindesnesregionen, som omfattar kommunane Åseral, Marnardal, Mandal, Lindesnes og Audnedal. Han får kontorstad i Marnardal. Lauvsland bur på Dynestøl i Finsland.

Kjelde[rediger]