I Bykle vil eg una

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Byklesongen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Byklesongen er ein song av Olav G. Holen jr.. Melodien er Håvard Hedde.

Teksten

I Bykle vil eg una, min beste heim på jord.
Her heve syskin stuka, her streva far og mor.
Her skin ein skatt so kjær,
ut frå den gamle heimstad, kor enn me bur og er.


Her gyller lund og lier, i klåre sommarkveld.
Her blømer blom på vollen, her glimar snø på fjell.
Og gauken gjel i li,
med fuglen syng på kviste i fagre sommartid.


Her glitrar elv og vatten, så vidt i allan lei,
Og gard og grender lyser, innunder håge hei.
I mellom tind og mo,
ligg Bykle-bygdi kviler i djupe kveldsstill ro.


Her står den gamle kyrkja og gjev ei signing ny.
Ho våre fedrar tufta ein tidleg morgon-gry.
Her lydde fedresang,
ein straum av høgtid tona, når kyrkje-klokka klang.


Vår kjære fagre heimstad, ligg høgt og fritt og trygt,
Me hegna vil og verna det fedrane hev bygd.
Me ungdoms eld og glo,
me her vil bu og byggja, vår framtid her skal gro.


Gud signe då kvar ungdom som blømer i vår bygd.
Gjev kunskap fram må vekse og kjærleik, tru og dygd.
Då har vår framtid trygd,
det gjev oss ljose voner og trivd i heim og bygd.

Sjå også

Kjelde

Eksterne lenker