Bygland hestetrygdelag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Bygland hestetrygdelag vart skipa 9. oktober 1936. I mars 2003 vart laget oppløyst. Bygland kommunestyre vedtok at laget sin kapital på 184.000 kroner skulle gå Bygland museum, øyremerka historisk dokumentasjon av arbeidshesten. Laget sin leiar dei siste ti åra var Jørund Upsal. Han laga eit stev i samband med avviklinga av laget.

Om hesten dauar når den er trygda
med skreppa tar du 'kje gå på bygda.
Då kan du reise til Grimstad by
for trygdepæning å kaupe ny.

Og arbeidshesta, det ha' dei fleste,
no er det traktor som gjer det meste.
Når ingen hestar me trygda kan
me sender brev til kommunens mann.

Me ber at laget han ned vil legge
for no har hestane slutta knegge.
Pæningan lyte museet få
for hestegogning å passe på.

Kjelder[rediger]