Bodil Nordjore

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bodil NordjoreSymbol unrelated.svg
Bodil-Nordjore.jpg
Født: 3. oktober 1959 (64 år)

Bodil Irene Nordjore (fødd 3. oktober 1959) er høgskolelektor på Høgskulen i Telemark. Ho er frå Byrte i Tokke kommune, men bur i Vinje. Ho er cand.polit. med hovudfag i pedagogikk og fagansvarleg for tradisjonsmatstudiet i Rauland. Ved sida av dette er ho aktiv i ulike matprosjekt over heile landet. Ho arbeider blant anna med eit mat- og reiselivsprosjekt for Telemark, der reiselivsbedrifter og produsentar er saman om å sette fokus på den lokale maten. 1. mars 2013 og 2. mars 2013 hadde ho pylsekurs i Treungen grendehus.

Gjennom åra er det blitt over 1000 program i Nitimen og sju program – Matlyst – med Hilde Hummelvoll. Ho er og koordinator for lokal mat hjå fylkesmannen i Telemark.

Heder

  • 2009 Telemark fylkeskommunes kulturpris på 50 000 kroner
  • 2007 Årets vesttelemarking
  • 2005 Ingrid Espelids matkulturpris

Bøker

  • Norsk tradisjonsmat på ein ny måte 2012
  • Fjellmat - vilt, rått og godt 2011(med Bo Lilledal Andersen og Mona Gundersen)
  • Go julemat 2010
  • Den store pølseboka 2009 (med Hans Petter Jacobsen og Tore Teigen)
  • Heimelaga 2007
  • Bodils Fjellmat 2005

Eksterne lenker