Bjerkreims Syngjande Kamerater

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Bjerkreims Syngjande Kamerater er ei sanggruppe på elleve personar frå Bjerkreim. Medlemmer i gruppa er Alf Helge Søyland, Jon Gunnar Helland, Frithjof Vassbø, Torbjørn Moi, Jon Tore Gjedrem, Gjermund Vassbø, Kjetil Apeland, Øystein Vassbø, Kjell Arne Refsti, Einar Slettebø Refsti og Tollef Byrkjedal. Gruppa syng om lag ein gong i månaden på møter i Rogaland.

Gruppa vart starta i 1987, og i 2009 gav dei ut plata Han gjorde alt. Innspelinga skjedde i Sweetspotstudio på Karmøy. Den kom i eit opplag på 1000 eksemplarar og vart utseld. Inntektene gjekk til å støtte Norsk Luthersk Misjonssamband sitt radioarbeid i Elfenbenskysten.

I 2013 gjekk dei igjen i studio, denne gongen hadde dei sju sangar sjølv, og så har jentegruppa Renana den andre delen av plata. Inntektene av denne plata har gruppa tenkt å dele mellom Nordborg videregående skole på Finnsnes og NLM sitt radioarbeid i Øst-Afrika.

I juli 2013 deltok gruppa på Bibelcamp på Evjetun 2013. Dei var også med på Bibelcamp på Evjetun 2012.

Kjelder[rediger]