Berit Junge Henriksen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Berit Junge HenriksenSymbol confirmed.svg
Født: 20. september 1942 (76 år)

Berit Junge Henriksen (fødd 20. september 1942) er leiar i Folkeakademiet Valle. Ho gjekk ut av Tønsberg høyere almenskole i 1965. Deretter studerte ho på Hamar lærerskole, der ho tok eksamen i 1968. Ho budde og arbeidde på Instøy i Dønna til 1971, deretter i Åmli kommune til ho vart pensjonist. I 2015 flytta ho og mannen til Valle.

Litt sliten, men lykkeleg[rediger]

Etter Bokslepp av Frå postveg til riksveg tysdag 30. oktober 2018 hadde Geir Daasvatn ein prat med Berit Junge Henriksen:

Me var heldige, og traff på Berit Junge Henriksen i samband med boklanseringa på Setesdalsmuséet tirsdagskvelden. Berit er leiar i Folkeakademiet Valle, som er hovudansvarleg for Kulturveka i Valle som går føre seg i desse dagar.

- Presentasjonen av boka i kveld har vore veldig gøy å vere med på. Leonhard Jansen er så god å høyre på. Han er ein stor formidlar. Og så var det jo eit overveldande besøk! Meir enn dobbelt så mange som me hadde trudd på førehand.

Berit fortalde oss at ho godt kunne kjenne seg litt sliten nå:

- Men eg har det så gøy! Kulturveka 2018 har så langt vore mest som ein samanhengande fest. Ja, som ein draum. Det er eit enormt publikumsbesøk. Kanskje har me ikkje dei aller største namna på plakaten i år. Men eg trur temaene har appellert til det breie laget av folket. Det har vore eit svært variert program, og noko for både barn, ungdom og vaksne. Alle har truleg funne noko dei har hatt lyst til å vere med på. For meg personleg var konserten med koret Kong Hanes eftf. frå Bygland eit høgdepunkt. Då var Storsalen i Sæbyggjen fylt til siste plass, og koret hadde ei utruleg sangglede.

Før Berit måtte haste vidare heimover for å få seg ein aldri så liten kvil, rakk me å høyre litt med henne om fortsetjinga av Kulturveka.

- Eg håpar jo at den gode trenden med eit bra besøk på alle arrangementa vil halde fram gjennom heile veka. Det blir spennande å følge med vidare. Eg gleder meg spesielt mykje til avslutninga søndag 4. november 2018. Då er det stor A. O. Vinje-kveld i Sæbyggjen, og markering av at det er 200 år sidan han blei fødd.

Berit insisterer på at me må få med at det er eit dyktig og arbeidsvillig styre i Folkeakademiet Valle. Det er bare gjennom godt arbeid av alle der at eit så svært arrangement som Kulturveka kan bli gjennomført.

- «Heldigvis» er fleire av oss pensjonistar og har fri til å jobbe med Kulturveka på dagtid. Ellers ville det blitt vanskeleg å få til. Eg må også få trekke fram det utruleg gode samarbeidet me har med Torunn Charlotte Nyberg, kultursjefen i Valle kommune. Ho er eineståande!

Her slepper me Berit avgarde, så ho kan kome seg heim til ein nødvendig pust i bakken. Men alt i dag onsdag er nok både ho og alle dei gode medspelarane hennar i full sving med nye oppgåver.

Kulturveka i Valle. Gama for alle!

Kjelder[rediger]