Austrudtunet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Austrudtunet er eit bustadfelt i Kyrkjebygda i Åseral. Utbyggaren er FH Bygg og Eiendom AS og grunnarbeidet vart gjort av maskinentreprenøren Tom Stulien. Elektroarbeidet stod Torslands Elektro seg av, medan Terje Johannessen hadde ansvar for blekkslaging og ventilasjon.

I Austrudtunet er det prosjektert 6 tomannsbustader med grunnflate på 78 kvadratmeter. Dei får gang, to soverom, vaskerom, bad og open løysing for stove og kjøkken. Det blir også eit stort kaldloft og lukka garasje på 18 kvadratmeter. Prisen er om lag 2 millionar for kvar bustad.

Kjelde

  • Boligmagasinet nr. 3, 2020 side 18-19