Arne E. Boyum – frå fattige kår i Fjærland til kyrkjepresident i USA

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne E. Boyum – frå fattige kår i Fjærland til kyrkjepresident i USA er ein artikkel av Torbjørn Greipsland som vi har fått publisere på Setesdalswiki.

Arne E. Boyum – frå fattige kår i Fjærland til kyrkjepresident i USA

Først opplevde dei eitt ras, så eitt til, ikkje så rart at familien til Ellend Erikson Bøyum utvandra til Amerika.

Det er sonen Arne E. Boyum (slik han skreiv namnet i USA), som fortel dette i ein sjølvbiografisk artikkel. Han blei pastor i USA og seinare i elleve år president (formann) i det lutherske kyrkjesamfunnet i USA Hauges Synode (Evangeliske Lutherske Synode), som blei etablert i 1876 etter ei splitting i den synoden som Elling Eielsen frå Voss hadde grunnlagt alt i 1846.

Arne var fødd påskedag 7. april 1833, foreldre Ellend Erikson Bøyum og kone Anna Sevatsdatter.

Vel fem år gamal var Arne då han opplevde det første raset i heimen i Fjærland, eit ras han aldri gløymde. Bygningane vart delvis dradd med av raset, delvis gravde ned i snøen. Det vesle huset vi budde i, blei flytt ned frå grunnmuren. Vi trudde vi skulle døy, men huset blei ståande der. Men ei søster døydde, og ei eldre kone blei så hardt råka av raset at ho døydde nokre dagar seinare. Andre vart skadde i mindre grad, andre kom unna utan skadar. Mellom dei siste var Arne, som takka Gud forn at dei ikkje alle døydde.

Arne som hadde byrja å lese i ABC-boka, missa den, så han måtte vente med lesing til han kom i første klasse.

Endå eit ras

Familien måtte søke hjelp hos andre før dei gjekk i gang med å byggje nye hus. Men dei bygde ikkje på same staden, men blei buande i den nye heimen i 6-7 år. Men så hende det nok ein gong, på første påskedag. Familien hadde nett sett seg ned for å ete middag då snø og vatn kom ned frå fjellet og øydela alle bygningane med unnatak av våningshuset. Det var i 1845 då Arne var 12 år.

Ingen vart skadde denne gongen. Men mora hans, Anna, hadde same dagen falle og vrikka eine handa ut av ledd og var ikkje i stand til å arbeide. Fattigdom rådde, men hjelpsame folk greip inn. Skulelæraren Erik Flesje gjekk omkring og ba folk hjelpe til så dei kunne få reist opp husa att. Likevel, det var ei svært vanskeleg tid. - Men Gud ville vise oss å søkje hjelp hos han, skriv Arne seinare.

Men nye påkjenningar råka familien då Arne var vel 12 år gamal. Hans eldste søster, Birthe, som arbeidde for ein onkel, blei råka av tyfusfeber. Også faren, søstera Gjertrud og ein av brørne vart råka av same sjukdomen. Fire personar sjuke veke etter veke. Arne måtte arbeide meir enn godt var. Men han meiner at det var Gud som ville ha nær kontakt med han. På denne tid fødde mora Anna ein gut.

Fjorten år gamal var det tid for konfirmasjon. Arne fortel at han alt hadde lært seg dei vesentlege sanningane i den kriste trua. Katekismen, Luthers forklaring og bibelhistorier utanåt.

Guds Ande arbeidde i meg på denne tida, skriv Arne i biografien. 2. juli 1848 blei han konfirmert av presten H. U. Sverdrup.

Indre strid

Men tida etter konfirmasjonen var ikkje bare god. Han visste ikkje minst frå samvær med dei såkalla «lesarane», at ein måtte vere omvend for å bli frelst, kome til himmelen. Arne vart i høg mon dradd mellom å leve eit liv som kristen, og å leve eit «verdsleg» liv etter det han hadde lyst til. Eg som skriv dette, veit knapt nokon som har skrive meir om denne striden enn den komande pastoren Arne Boyum, kanskje med unnatak for kjende folk som Arne Garborg og Martin Luther. Det var ein strid som gjekk over mange år, både i Noreg og i USA etter han kom dit.

Når han skriv så omfattande og grundig om det, er det tydeleg at han har ei meinig med det: Han vil fortelje korleis han sjølv opplevde det, og ganske klart med von om at det er til hjelp for andre som kjenner på same striden, der han gong på gong kjende at Satan var etter han og ville ha han bort frå Guds nåde.

Han las fleire gode, kristelege bøker. Og gjekk på møte i ei tid då ei kristen vekking gjekk over bygdene. Men kampen var ikkje over. Fleire som tok eit standpunkt for Jesus Kristus i vekkinga, fall seinare frå. Arne la merke til det. Og kjende ei røyst som sa det hastar ikkje med omvendinga.

Seksten år gamal måtte han arbeide for andre gardbrukarar på Bøyum, og heldt fram med det til han var 20 år.

Til Amerika

Ei syster av Arne hadde reist til Amerika då Arne var omkring 15 år. Arne og hadde tankar om å dra, men hadde ikkje pengar til det. Skulle han reise, måtte nokon hjelpe han. Våren 1853 fekk han ein sjanse då onkelen Ole S. Ødegjord ville emigrere og hadde lovt å ta med Arne og søstera Gjertrud. Men kunne dei forlate foreldra og tre mindre brør? Dei løyste floken ved at alle skulle reise, også foreldra. Dei selde hus og krøtter og gjorde seg klar og hadde billett til båt over Atlanterhavet.

Men Gud ville det annleis, skriv Arne. To veker før avreise vart faren hans sjuk og kunne ikkje reise. Ny avgjerd, foreldra og dei to små brørne Ole og Sevat måtte bli heime. Å seie farvel til ein sjuk far, mora og brørne, var hardt. Tårene rann.

På vegen til Bergen møtte dei Ingebright H. Mundahl, skolelærar og forkynnar av Guds ord. Han hadde tatt seg den oppgåva å minne alle emigrantane om kor viktig det var å ha si sak med Gud i orden .- Han pressa meg så hardt at eg måtte love at eg skulle tenke på mi sjel og Guds frelse, fortel Arne.

Før Arne drog, hadde ein ven, J. Anderson, oppmoda han om å skaffe seg biskop Erik Pontoppidans velkjende bok «Sannhet til Gudfryktighet».

I mai 1853 reiste båten frå Bergen. Reisa varde i sju veker. Også på reisa tenkte Arne mykje på sitt eige kristenliv. Var han reiseklar om døden skulle kome?

Arne skriv mykje om den første tida i USA, der han budde både i Wisconsin, Minnesota og Iowa. I Dane County i Wisconsin blei han med i ei gruppe som heldt møte med bibellesing og song. Og etter ei tid deltok han sjølv med bøn og vitnemål. Men ennå var ikkje den åndelege stride over. Mei ei vekking som gjekk over samfunnet, var til hjelp.

Viktig møte med Elling Eielsen

I året 1854 høyrde Arne kyrkjeleiaren Elling Eielsen preike. Han var smed frå Voss, hadde vore forkynnar i både Noreg og Danmark, der han til og med hadde talt med kongeparet som tilhøyrarar. I USA vart han ordinert til prest og etablerte det første norske, lutherske kyrkjesamfunnet i USA, Den Evangelisk Lutherske Kyrkja, i 1846. Arne kjende seg vel i det Eielsen sa.

Men sjukdom råka han, og han måtte dra til onkelen Arne Erikson Boyum for hjelp, og vart verande der sjuk i to veker. Der fekk han hjelp i sitt kristenliv av ein mann som sa at Jesus Kristus ikkje kom for å frelse rettferdige, men syndarar. Det var eit bibelvers som hjelpte Arne mykje.

Hausten 1854 blei han spurt om å vere lærar på ein norsk skole. Det gjorde det mogleg å lese meir kristen litteratur.

Sommaren 1855 deltok han for første gong på eit kyrkjemøte, såkalla synodemøte, i Den Evangelisk Lutherske Kyrkja. Møtet var i Spring Prarie, Wisconsin.

Møtet hans her med Elling Eielson blei opptakten til eit samarbeid over mange år. Arne fekk reise saman med Eielson og vitja mange små norske lokalsamfunn i Wisconsin og Illinois. Det var strabasiøse turar i regn og snø, solskin og hete. Til fots eller på ski. Farefulle turar. På ski kunne han gå om lag 10 norske mil på ein dag. Sidan kyrkjesamfunnet trong fleire pastorar, blei Arne Boyum ein av kandidatane.

Samtidig kom det fleire frå Bøyum-familien til USA, nemleg Arnes far, mor og dei to minste brørne.

Ordinert i 1858

Arne fekk fleire spørsmål frå kyrkjelydar om å bli prest. Det resulterte i at han blei ordinert 10. juni 1858 til «det heilage embete å forkynne». Mest kjende Arne dette som at ei byrde vart lagt på han. Nå døypte han, konfirmerte, vigde folk og delte ut nattverd. Han tenestegjorde i åra som kom i 7-8 kyrkjer i Wisconsin, Iowa og Minnesota.

Arne kjende på at det ikkje er godt for ein pastor å vere åleine. Han hadde korrespondert med Anna Ivarsdotter Supphellen. Då ho kom til Wisconsin, møttest dei. Han fridde og fekk ja. Dei gifte seg 25. juli 1859.

Pastor Eielsen såg kor vondt det var for Arne å måtte gå dei lange avstandane mellom kyrkjelydane, så han fekk ein hest å ri på. Seinare fekk han og ei vogn. Det var til god hjelp.

Mens kyrkjesamfunnet den første tida hadde 2-3 prestar i teneste, var dei i 1875 så mange som 24.

Pastor Bouym sluttar sin biografi alt i 1862. Litt underleg. Kanskje meinte han at han hadde fortalt det viktigaste om sitt personlege liv.

Men mykje hende seinare. Han var prest blant dei norske innbyggjarane i Arendahl og Person kyrkjelyd i Minnesota i 38 år, fram til 1896, då han ville sleppe yngre krefter til.

I 1876 blei han vald til president i kyrkjesamfunnet Hauges Synode. Det vervet hadde han i elleve år. Det var ei vanskeleg tid for kyrkjesamfunnet, som hadde opplevd splitting. Grunnleggjaren Elling Eielson og andre hadde gått ut av kyrkjesamfunnet fordi dei var usamde i endring av vedtektene.

Pastor Bouym var utan tvil ein mann folk hadde tillit til. Han sparte seg ikkje. Han deltok på alle synodemøta frå 1855 til 1898, med unnatak av 1890 då han vitja Noreg (Kanskje lokalavisene intervjua han då?) I 1908 blei det på presteskolen Red Wing feira at han hadde vore prest i 50 år. Han fekk ein flott spaserstav og femti roser frå kvinnene der.

Frå den eldste presten i kyrkjesamfunnet, 87-årige Bersvend Anderson, kom eit ni vers langt dikt, ganske imponerande, med stor takk til presten Boyum. «Ein av Hauge-synodens fedre, ein veteran vi ærar i dag». Sjølv bar han fram takk til Gud i si helsing.

Pastor Arne E. Boyum døydde 29. juli 1913. Eit langt liv i teneste blant nordmenn i Midtvesten var over.


Galleri

Arne E. Boyum
Anna Boyum
Arne og Anna Boyum fekk seks 12 born. Her er pastor Boyum saman med seks av sønene. Frå venstre Andrias, Elling, Iver, Erik M., Martin S., og Peter A. Privat foto.
Gravsteinen til ekteparet Boyum.


Arkivar i kyrkjesamfunnet

Joel Thoreson er tippoldebarn til bror til Arne Boyum, Ole Boyum. Joel er leiar i arkivavdelinga i det lutherske kyrkjesamfunnet ELCA.

I samband med arbeidet med boka «Helt til jordens ende. 1000 norskamerikanske misjonærer» har Joel vore til uvurderleg hjelp. Han let oss få trykke lista deira med namn på 862 lutherske misjonærar, eit svært høgt tal. Opplysningane inneheld tidspunkt for når dei var ute i teneste, kva for kyrkje eller misjonsorganisasjon dei tilhøyrde, og kva land dei arbeidde i.

Truleg har 25-30 av misjonærane som er med på lista, tilknyting til Sogn og Fjordane. Og faktum er at ei med etternamnet Boyum, Bernice, er med. Ho var misjonær først i Kina, så i Japan. Joel fortel at ho truleg er barnebarnet til Hans og Britha Bouyum. Dei emigrerte til USA i 1867.

Men også ein annan misjonær som er nemnd i boka, har tilknyting til Bøyum, nemleg Alida Agrimson Trygstad. Ho tilhøyrde same kyrkjelyden som Arne Boyum var pastor for, nemleg Arendahl Lutherske Kyrkje. Hennar mor var Britha Paulson Agrimson (1863-1953), som er etterkomar frå Ole Erickson Boyum, bror til Ellend Erickson Boyum (far til Arne og Ole).

30 misjonærar får stor omtale i boka. Mellom dei er Malla Moe frå Hafslo, David Olson med røter i Luster, Karoline Elisabeth (Knudsen) Tou frå Vik i Gaular, og Lowell Quam med røter i Sogndal.

Joel Thoreson sende namn på 862 norskamerikanske misjonærar som er med i boka som artikkelforfattaren Torbjørn Greipsland har redigert.