Alexey Kurbanov
Alexey Kurbanov![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 16. november 1971 (53 år) |
Alexey (Alex) Kurbanov (fødd 16. november 1971 i Novgorod, Russland) er ein organist, pianist og komponist busett i Norge. Utdanninga si har han frå Rimsky-Korsakov-konservatoriet i St. Petersburg og konservatoriet i Rotterdam. Kurbanov har komponert rundt 180 instrumentale og vokale verk fram til 2020.
Sidan 1984 har Alexey Kurbanov hatt konsertar i Sovjetunionen / Russland, Norge og fleire andre land, både som solist og i samarbeid med (fleire) andre musikarar. I 2000 vart han tilsett som organist i Aure kyrkje i Ytre Nordmøre prosti. I tillegg er han musikklærar i Aure kommune. Han fekk kommunen sin kulturpris i 2009. Mellom innspelingane hans finst fleire relativt ukjende norske og skandinaviske komponistar.
I Tysdagssending i Valle Radio 20200512 tysdag 12. mai 2020 vart Per Steenberg: Koralfantasi over «Nun danket alle Gott» spelt av Alex Kurbanov. Det stykket var henta frå albumet Live at St. Petersburg Academic capella, July 8, 2008 som kom ut i 2014.
Diskografi
- 2008: Vintermusikkens store perler (piano)
- 2013: Seven religious folktunes from Aure, with 4 additions (Sju aurgjeldske religiøse folketonar med 4 tillegg)
- 2014: Live at St. Petersburg Academic Capella, July 8, 2008
- 2014: Christ is arisen - Easter and spring music Live from Aure church
- 2014: Little-known pages of Scandinavian keyboard and organ music
- 2015: The white nights` organ (Live from St. Petersburg Capella, June 30, 2013)
- 2017: Choral Preludes (To the blessed memory of Christina Mandang)
- 2018: Organ - Music through ages (Live from Petrikirche, St. Petersburg, November 3, 2015) (med Olga Shanina og Natalia Biryukova)
- 2018: The creative portrait (med sopranen Elizaveta Bakerkina)
- 2018: Organ of the Viennese classicism era (Live from St. Petersburg Academic Capella, February 25, 2010)
- 2019: From France's lavender fields to Norway's fjords (orgel, med Svetlana Pashchenko)
Medverka på
- 2012: ...og slåtten klang døyvd i moll, Nordmøre Spelmannslags jubileums-CD