Åsetrallen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Åsetrallen er eit danseband frå Åseral. Gruppa vart oppretta i 1983 og består av Bjarne Verdal, trommer, Asbjørn Kvåle, gitar og Andreas Forgard, trekkspel.

Etter ein ide av Tom Roger Øydne starta dei med utanlandsturar med publikum i 1992. Dei første turane gjekk med Sørlandsruta, der Tom Roger Øydne jobba på den tida. Sidan har dei samarbeidd både med Haga Buss, Sirdalsruta og Birkeland Busser før Risdal Touring vart fast samarbeidspartnar. I 2012 måtte dei ha fem bussar på ein tur til Riga for å få plasse til alle som ville vere med. Etter første turen til Kolding i Danmark i 1992 har dei til 2017 hatt 50 turar med eit snitt på 120 deltakarar på kvar tur.

Diskografi[rediger]

Kjelder[rediger]