Åseral Næringshus

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Åseral Næringshus.

Åseral Næringshus er eit kontorbygg i Kyrkjebygda i Åseral. Bygget er lokala til Sparebanken Sør, som er bygd om innvendig, og eit tilbygg med fire nye kontor. I tillegg til kontorlandskap har bygget felles pauserom. Offisiell opning var 3. desember 2016.

Smeland ByggserviceEvje var hovudentreprenør for byggeprosjektet. Thorsland Elektro i Åseral hadde det elektriske arbeidet. Rør og Anleggservice på Evje gjorde røyrarbeidet. ERV Teknikk i Lyngdal leverte og monterte ventilasjonsanlegget. Drag Arkitektur og ByggteknikkByremo utførte arkitektarbeid, brannprosjektering, søknad og prosjektleiing.

Ved sida av Sparebanken Sør har Åseral Rekneskapslag kontor i huset ved oppstarten. Åseral kommune har teke på seg å leige ut dei fem moderne kontora som står ledige.

Kjelder