Å, tenk eingong når alle fram skal stemna

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Å, tenk eingong når alle fram skal stemna er ein sang av Mathias Orheim. Melodien er ein folketone frå Sykkylven.

Teksten[rediger]

Å, tenk eingong når alle fram skal stemna
Til himlens port, og alle bankar på!
Det vert eit syn som ingen no kan nemna,
Kven skal gå inn, og kven skal ute stå?

Å, tenk eingong det stemnemøte store
Når me ved porten skal kvarandre sjå,
Me som på jordi her i lag har vore;
Kven skal gå inn, og kven skal ute stå?

Å, tenk eingong om noko slikt skal henda
At borna skiljast må frå far og mor,
Og mann og kåna kvar sin veg må venda,
Og tenk om syster skiljast må frå bror!

Å, tenk eingong, då vert det mang ei tåre,
Tenk koma der og tru at alt er vel,
Og der få sjå at ein seg sjølv har dåra!
Men det ho ser for seint den tapte sjel.

Å, tenk eingong om eg og du skal vera
I lag med dei som utan olje stend,
Og der vår lampe utan ljos må bera,
Og av vår brudgom aldri verta kjend!

Å, tenk eingong kor stort at me får leva
Og høyra at me kan den oljen få
Som vil oss ljos på bryllaupslampa gjeva,
Så me med glede kan til porten gå!

Å, tenk eingong når brudgomen skal koma
Og opna døri for si kjære brud!
Då vil vel songen høgt i himlen ljoma
Når brud og brudgom stend i himmelskrud!

Komposisjon[rediger]

Melodien er brukt som grunnlag for ein komposisjon av Henrik Ødegaard: Partita over «Å, tenk eingong når alle fram skal stemna». Denne er spelt inn av Ghislain Gourvennec på Jørgensen-orgelet i Skien kirke på plata Henrik Ødegaard - Organ Music (1981). Partitaen har desse variasjonane:

    • I - Koral
    • II - Etterligninger
    • III - Fløyteduett
    • IV - Harpe
    • V - Prosesjon
    • VI - Meditasjon
    • VII - Lek
    • VIII - Koral

Kjelder[rediger]