Torleiv D. Bjørgum

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. oktober 2010 kl. 14:07 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Torleiv Drengson Bjørgum (født 24. februar 1950 i Hylestad) er sjefsingeniør i Otra Kraft DA. Han begynte i selskapet i november 1983 etter å ha teke utdanning på elektro sterkstrøm på NTH, der han var ferdig sivilingeniør i desember 1975. Så arbeidde han i fire år i EGA (no ABB) i Oslo. Han var og innom i Samkjøringen (no Statnett) i eitt år. Deretter kom han til Aust-Agder Kraftverk i 1980 og var der til han starta i IS Øvre Otra, som selskapet heitte då. Då Agder Energi vart skipa, var det eigentleg to av eigarselskapa som gjekk saman til dette nye selskapet, men det fekk og følgje for Otra Kraft, som bare fekk fem tilsette, medan dei andre vart overførte til det nye selskapet si produksjonavdeling, AEP - Agder Energi Produksjon. Før omorganiseringa var han meir knytt direkte til drifta, som leiar for driftsentralen. I den nye organisasjonen steller han mest med Brokkenettet og andre nettanlegg.

Engasjement

I ein periode sat han i kommunestyret i Valle. Han har og vore leiar av Hylestad sokneråd og medlem av rådet i fleire periodar. Han har og vore med i styret for Nomeland bedehus i fleire periodar. Han er og med i styret i Valle IL. Torleiv D. Bjørgum bur på Nordihus Bjørgum og er gift med Bente Bjørgum.