Straumen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. mars 2024 kl. 09:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bare grunnmurane står igjen på Straumen.
Grunnmuren til Stogehuset 23. mars 2024.

Straumen var ein husmannsplass ved Storstraumen, på austsida av fjorden, under garden Nedre Kvåle i Bygland. Då Postvegen kom oppover i Setesdal, måtte ein få til ein ordna overfart over Storstraumen. Det blei oppretta ei stilling som ferjemann. Han måtte ha ein høveleg bustad i nærleiken av ferjestaden. I 1844 blei det sett opp eit ferjehus og eit skol, på eit lite skogstykke rundt 100 meter nord for Storstraumen.

Knut Alvson Moi (f. 1809, d. 1883) blei tilsett som ferjemann i april 1844, og busette seg på Straumen. I 1858 kom den første brua over Storstraumen, og Knut Alvson mista stillinga si. I 1861 reiste han til Amerika med familien. Pål Olavson Frøysnes (f. 1833, d. 1892) budde på Straumen, truleg frå 1861. I 1888 flytta han med familien sin til Kvålsmo. Etter det bruka Aslak Åsulvson Stigemo plassen ei tid, truleg til 1891 då han gifta seg. Etter at han flytta frå Straumen, heldt han fram med å bruke plassen i mange år. Han er nemnd som brukar heilt til 1903.

Husa på Straumen blei etter kvart rivne. I dag står bare grunnmurane att.

Kjelder

Kart

Laster kart...