Staven naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. april 2024 kl. 08:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Staven naturreservat ligg i fjellsida mellom Staven og Topteneset, på vestsida av Åraksfjorden, i Bygland. Reservatet dekker eit totalareal på ca. 556 dekar. Det blei fastsett ved kongeleg resolusjon 6. desember 2019.

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit område som representerer ein bestemt type natur i form av gamal og til dels velutvikla alm-lindeskog. Området har stor variasjon i skogstypar, forekomst av rik blandingsskog og gamal barskog og eit rikt mangfold av artar, mellom desse trua og nær trua artar. Det er eit mål å halde verneverdiane i mest mogeleg urørt tilstand, og eventuelt utvikle dei vidare.

Kjelder

Kart