Skilnad mellom versjonar av «Olav Austad»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
sIngen redigeringsforklaring
s (litt mer)
Line 1: Line 1:
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = 8| fmåned = 8| får = 1913| ddag = 28| dmåned = 2| dår = 1991| skjulfødselsdag = }}'''Olav Austad''' (fødd i [[Bygland]] 8. august 1913, død 28. februar 1991) var bror til [[Aasulv Austad]]. Han vart student i 1934 og cand.theol. i 1941. Etter praktikum vart han i 1942 tilsett som predikant i Den indre Sjømannsmisjon. Så vart han prostiprest på Helgeland i 1944 og prest i Åsnes i 1945. Den første kona hans, Ingebjørg (fødd Garvik), døydde medan han var hjelpeprest i Flisa. Ho kom frå Seljord og døydde etter lengre tids sjukdom i Oslo 5. desember 1945. 11. september 1948 gifta han seg så med Ingeborg, fødd Kongsli, frå Romedal.
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = 8| fmåned = 8| får = 1913| ddag = 28| dmåned = 2| dår = 1991| skjulfødselsdag = }}'''Olav Austad''' (fødd i [[Bygland]] 8. august 1913, død 28. februar 1991) var det nest yngste av dei ti borna til Knut K. Austad og Brigde Aa. Bygland, og bror til [[Aasulv Austad]].  
 
Han vart uteksaminert frå reallinja på [[Hornnes Landsgymnas]] i 1934, og immatrikulert som student same året. I 1941 fekk han sin cand.theol., og etter praktikum i 1942 var han bland dei 18 prestane som noko stille vart vigsla på Helgøya i Mjøsa 2. juli 1944 der biskop Krohn-Hansen var forvist sidan mai 1943. Det var Den midlertidige kirkeledelse som soleis sørga for at kyrkja fekk fleire prestar som var samd i dokumentet ''Kirkens grunn'', og ikkje støtta ei kyrkje slik nazistane ville ha henne. Samstundes hadde Sjømannsmisjonen sitt kretsstemne på øya. Då hadde Olav vore tilsett som predikant i [[Den indre Sjømannsmisjon]] eit bel, og etter vigslinga vart han prostiprest på Helgeland i 1944. I 1945 reiste han til Åsnes og vart personal-kapellan der. Frå 1948 var tittelen hjelpeprest, og i 1957 kallskapellan i Åsnes. Etter 14 år som prest der, skifta han over til skuleverket og vart lektor ved Åsnes interkommunale skule. Olav Austad var og ein skrivande mann, han forfatta mellom anna artikkelen «Kirke og Religion» i ''Øvre Solør Alminnelige historie''.
 
Den første kona hans, Ingebjørg (fødd Garvik), døydde medan han var hjelpeprest i Flisa. Ho kom frå Seljord og døydde etter lengre tids sjukdom i Oslo 5. desember 1945. 11. september 1948 gifta olav seg så med Ingeborg, fødd Kongsli, frå Romedal. Dødsannonsa i ''Glåmdalen'' syner at dei hadde tre søner.


==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Reidar Bolling]]: Norges prester og teologiske kandidater. Oslo 1958 side 23
* [[Reidar Bolling|Bolling, Reidar]]: ''Norges prester og teologiske kandidater''. Oslo 1958, side 23.
* [https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digavis_telen_null_null_19451210_18_285_1?page=1&searchText=%22Ingebj%C3%B8rg%20Austad%22 ''Telen'', side 2, 10. desember 1945. På nb.no]
* ''Telen'', side 2, 10. desember 1945. [https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digavis_telen_null_null_19451210_18_285_1?page=1&searchText=%22Ingebj%C3%B8rg%20Austad%22 På nb.no.]
 
* Carlsen, Ingvald B.: ''Kirkefronten i Norge'', side 192-193, Aschehoug, 1945. [https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2007062500078?page=191 På nb.no.]
* ''Åsnes kirke 250 år : 1744-1994'', side 52-53, Utg. Åsnes menighetsråd. 1994. [https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2015081708003?page=55&searchText=%22Olav%20Austad%22 På nb.no.]
* ''Bergens Arbeiderblad'', omtale av 50-åringen, side 3, tirsdag 6. august 1963. [https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digavis_bergensarbeiderblad_null_null_19630806_37_179_1?page=1&searchText=%22Olav%20Austad%22 På nb.no.]
* ''Glåmdalen'', dødsannonse side 2, 2. mars 1991. [https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digavis_glaamdalen_null_null_19910302_66_52_1?page=3&searchText=%22Olav%20Austad%22 På nb.no.]
* [https://histreg.no/index.php/person/pd00000025734394 Olav Knutson Austad i historisk befolkningsregister.]


{{DEFAULTSORT:Austad, Olav}}
{{DEFAULTSORT:Austad, Olav}}

Versjonen frå 17. oktober 2022 kl. 15:48

Olav Austad
Født: 8. august 1913
Død: 28. februar 1991 (77 år)

Olav Austad (fødd i Bygland 8. august 1913, død 28. februar 1991) var det nest yngste av dei ti borna til Knut K. Austad og Brigde Aa. Bygland, og bror til Aasulv Austad.

Han vart uteksaminert frå reallinja på Hornnes Landsgymnas i 1934, og immatrikulert som student same året. I 1941 fekk han sin cand.theol., og etter praktikum i 1942 var han bland dei 18 prestane som noko stille vart vigsla på Helgøya i Mjøsa 2. juli 1944 der biskop Krohn-Hansen var forvist sidan mai 1943. Det var Den midlertidige kirkeledelse som soleis sørga for at kyrkja fekk fleire prestar som var samd i dokumentet Kirkens grunn, og ikkje støtta ei kyrkje slik nazistane ville ha henne. Samstundes hadde Sjømannsmisjonen sitt kretsstemne på øya. Då hadde Olav vore tilsett som predikant i Den indre Sjømannsmisjon eit bel, og etter vigslinga vart han prostiprest på Helgeland i 1944. I 1945 reiste han til Åsnes og vart personal-kapellan der. Frå 1948 var tittelen hjelpeprest, og i 1957 kallskapellan i Åsnes. Etter 14 år som prest der, skifta han over til skuleverket og vart lektor ved Åsnes interkommunale skule. Olav Austad var og ein skrivande mann, han forfatta mellom anna artikkelen «Kirke og Religion» i Øvre Solør Alminnelige historie.

Den første kona hans, Ingebjørg (fødd Garvik), døydde medan han var hjelpeprest i Flisa. Ho kom frå Seljord og døydde etter lengre tids sjukdom i Oslo 5. desember 1945. 11. september 1948 gifta olav seg så med Ingeborg, fødd Kongsli, frå Romedal. Dødsannonsa i Glåmdalen syner at dei hadde tre søner.

Kjelder