Kjerran
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kjerran var ein husmannsplass på Reiersdal i Øvrebø. Husmannen var Søren Kristensson Øvrebø med kone og åtte born. Dei budde her frå 1842 til etter 1865. Søren var sagmeister på Reiersdal sag ei tid. Etter 1865 flytte Søren med familien til ein annan husmannsplass lenger nord, Nordre Kjerran.
Kjerran låg tett ved den gamle setesdalsvegen. Setesdølar på byferd fekk overnatte her.