John Knudsen Rystad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. oktober 2022 kl. 23:29 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (spåkvask resten)
Hopp til navigering Hopp til søk
John K. Rystad
Norsk lutherske prester i Amerika 1843-1913 (1913)

John Knudsen Rystad vart fødd 6. mars 1848 i Rock River, Dodge County i Wisconsin, og døydde i Dallas, Texas 16. mars 1932. Han var son til dei utvandra hylstringane Knut Halvardsson Rysstad (1813–ca 1858) og Margit Jonsdotter Brokke (1811). Dei vigde i 1840, og drog frå Åkre på Rysstad (gnr 68, bnr 7) med borna Hallvard (1840) og Anne (1843). Reisa til Amerika var ombord på seglskipet «Magnolia» i 1845, mellom anna via Le Havre i Frankrike, som passet deira syner. Kryssinga av Atlantarhavet tok sju veker, og 17. november 1845 klappa «Magnolia» til kai i New Orleans, Louisiana. Derifrå reiste dei om lag 16-1700 miles nord til Wisconsin og Rock River. Familien var ein del av dei som fylgde i fotspora til avisredaktør Johan Reinert Reiersen (1810-1864) frå Vestre Moland til USA i 1845.

Vegen til seminaret og arbeid som prest

John hadde eit godt hovud, og ville gjerne lære meir enn den vesle skolen i Rock River gjorde mogleg. I konfirmasjonstida vart pastor Nils Brandt interessert i guten og oppmuntra han til å førebu seg for Luther College i Decorah og vegen til prest. Brandt tala og med mora, som ikkje syntes godt om tanken på å sende frå seg den unge guten. Ho hadde og truleg garden i tankane. Faren Knut døydde då John var omlag 10 år gamal, og etterlet seg Margaret (som Margit var kalla i USA) og borna, ein son som var for ung til å arbeide på garden og mogleg og dottera Anne. Ein eldre son hadde ikkje overlevd krigen, og den yngste døydde seinare av tuberkulose. Mora trong eigentleg John på garden, men gjekk med på å la han reise til Iowa då han var 17 år.

John sytte og sjølv for reisepengar, han arbeidde på farmane rundt om for ei dagløn på $3 i tillegg til at han hjalp pastor Brandt som lærar på sommarskulen. Brandt og John reiste saman til Luther College, der Brandt skulle bli lærar. Reisa frå Rock River i Wisconsin til Decorah i Iowa er i 2022 på omlag 190 miles, og mellom tre og fire timar. I 1865 tok den fleire dagar, med tog, båt og stagecoach.

Ei bok over norske lutherske prestar i Amerika fortel at John var student ved Luther College i tre periodar, 1865–'67, 1870–'71 og 1874–'75. Han arbeidde som lærar i dei to «fri»periodane, og etter eitt år ved Concordia Seminary i Springfield, Illinois, bytte han i 1876 til Luther Seminary der han avslutta studiene med tittelen C.T. (Candidatus Theologiae). Vigslinga til prest var i Spring Prairie church i 1878, og presidenten for synoden, H.A. Preus, stod for den. John tok embetseksamen saman med valldølen Guttorm Hallvardsson Åmli.

John fekk eit kall til Bosque County i Texas, ein stad ingen av dei ferske prestane hadde venta å bli sendt til. Han ynskte ikkje å reise til Texas for å slåst mot meksikanarar og få gulfeber, ein sjukdom dei på den tida trudde var så farleg at han kunne smitte via post og fleire andre vis. Difor måtte alle reisande i St. Louis kunne syna ein legeattest på at dei ikkje kom frå eit område der feberen rådde. Pastor og professor L. Larson overtydde John om at det var eit godt sted å reise til, med gode nordmenn.

Tida som prest

Vor Frelsers kyrkje i Norse, Bosque Co.
Foto: Norsk Lutherske Menigheter i Amerika 1843-1916 s. 842.

John Knudsen Rystad var i byrjinga den einaste norsk-lutherske presten i Texas, og fekk i 1928 eit område som åtte prester har teneste i. Han høyrde til den Norske synode, og han preika fyrste gong i Norse, Bosque Co. 29. september 1878. Emnet var Paulus' 2. brev til korintarane 5:18-21. Han vart verande i denne kyrkjelyden, som vart modermenigheten til alle norsk-lutherske kyrkjer i Texas – Vor Frelsers Menighet i Norse, i 47 år.

Tre år etter at han hadde blitt pensjonist, fortel Decorah-posten den 23. oktober 1928 på side 3 at det hadde vore ein fest for pastor Rystad. Den sundagen preika han over same teksten som fyrste gongen, og i den same kyrkjelyden. Denne gongen var det mellom 2 og 2500 til stades, så dei heldt gudstenesten ute. På ettermiddagen vart pastor Rystad feira med mange talar og helsingar, og til sist fekk han eit kaffeservise i sylv og $160 i gull frå krinsen.

Sjømannsmisjonen i Galveston

På sett og vis var John og drivkrafta bak sjømannsmisjonen i Galveston ved Houston. I 1885 reiste han dit med tanken om å få til ein Seaman's Mission. Han kontakta kapteinane på norske skip, og dei og mannskapa var samde om å kome til gudsteneste. I 1910 opna den norske synodes sjømannsmisjon ein preikeplass der. Dei to fyrste åra arbeidde misjonæren J.M.J. Buckneberg der, og i 1918 fortalde boka Norsk Lutherske Menigheter i Amerika 1843-1916 på side 847 at den var mest som ei av kyrkjene til Sjømannsmisjonen no. Den hadde eit leseværelse som var ope fra 8-21, gudsteneste kvar sundagskveld kl. 20, ungdomsmøte kvar mandag kl. 20, og sjømannsaften torsdagar kl. 20. Eit songkor øva kl. 20 på laurdagane og det var eit lag for kvinner som møttest den fyrste tysdagen kvar månad.

Clifton College i Bosque County

Eit ynskje om å få ein luthersk high school, eit college, vart meir verkeleg i 1893. Det fyrste møtet fant stad 9. oktober, og 19. november sette dei ein komite for å sjå nærare på forslaget. Tidleg i 1896 var det klårt at folket var interessert i prosjektet, og 6. mai 1896 starta Corporation for Clifton Lutheran College arbeidet, og skulens statuttar vart førebudd. Styret vart leia av John K. Rystad, med N.J. Nelson som nestleiar, M. Hoff kasserar og T.T. Hogevold sekretær.

Dei fekk tomt av N. Jacob Nelson og T. T. Hogevold, og det fyrste bygget vart reist på dugnad. Den offisielle opnainga var 14. oktober 1897, medan sjølve colleget opna 28. oktober 1897. Rystad leia styret fram til 1905 og igjen frå 1912.

I årboka til Clifton College frå 1914 stod dette om pastor Rystad:

Vi i den eldste klassen på Clifton Lutheran College, dedikerer med glede denne boka til mannen med det uforlignelege intellektet, sublim tro, sjølvoppofrande lojalitet; til arbeidaren med ein mektig personlegdom, ein robust karakter, ei sterk vilje og høge ideal, til mannen som er hovudansvarleg for denne skulen på kristen grunn, den audmjuke Guds tenar – pastor J.K. Rystad.

Inntil 1923 var colleget ein høgskule, og deretter eit junior college. I 1930 fortalde Nordisk Tidende at skulen hadde tre bygningar og var den einaste norske høgskule i syden - altså sør i USA.

Familie og privatliv

I 1879 vigde John med Gunhild Bergitte Nelson (1859–1934) i Bosque, Texas, i vigselsattesten hadde dei namna John Rystad og Bettie Nelson. Bergitte var dotter til to norske immigrantar som truleg reiste over samstundes med foreldra til John: Aslak Nielsen Smeland frå Oland i Åmli (1822) og den andre kona hans, Gunhild Evensdotter Mjaaland frå Mjåland i Gjøvdal (1829–1900). Bergitte var det fjerde bornet av ni i det ekteskapet.

Saman fekk Bergitte og John fem born:

  1. Conrad Melankton Rystad (1880–1962), målar, gift med Alma Rystad.
  2. Anna Gunild Rystad (1882–1975), ugift.
  3. Marie Eleonora Rystad (1885–1968), ugift.
  4. George Edward Rystad (1889–1935), mekanikar, gift med Minnie Carpenter Rystad.
  5. Agnes Emilia Rystad (1894–1981), gift med Charles Preston Jones.

Det er og mogleg å fylgje familien takka vere «County tax rolls», skatteprotokollar for Bosque County frå 1882 til 1891, og for Dallas County frå 1891 og 1893. Dei er ordna alfabetisk etter etternamn, og syner at det i Bosque er fleire etternamn som kan tyde på norsk ætt, som til dømes Rogstad, Rasmussen og Ringness. John ser ikkje ut til å ha eigd land i Bosque Co. i desse åra, men i 1891 i Dallas Co. er plot nr 14-827-7 i Fair Vieaw Ad. som er verd $1050 og plot nr. 5-812-11 i Exposition Park verd $350 skrive på namnet hans. Protokollen frå 1893 syner at han eig to områder i Grand Prairie med same numre som i 1891. Dei er no noko mindre verd, $650 og $250.

Som så mange andre hadde familien Rystad og anna eigendom, i 1882 ei vogn verd $45, eit muldyr eller ein hest som kunne trekke vogna vart sett til $40, og åtte kyr til $56. Talet på trekkdyr og storfe og verdien på dei varierar noko, men på det meiste hadde dei 12 kyr og ein okse (1886), og frå 1889 to trekkdyr.

I april 1910 fortel folketeljinga for Bosque at berre Conrad er flytta ut, og at George arbeider på farm, ti år seinare er berre Anna og Marie av borna framleis heime. Ingen av dei arbeidde.

John vart alvorleg sjuk hausten 1925, og valde etter eit opphald på sjukehus å gå av med pensjon etter å ha vore prest i 47 år. Familien flutte då til Dallas, og folketeljinga 1930 syner at familien bur i Vickery Boulevard i Dallas. I huset budde han og kona, og døtrene Anna, Mary og Agnes i sitt eige hus. No ser det ut til at døtrene syter for inntektene, Anna er sydame, Mary sjukepleiar og Agnes stenograf.

Han døydde to år seinare, 16. mars 1932. Gravferda fann stad i Central Lutheran Church i Dallas der han hadde vore diakon, så reiste gravfylgjet 130 miles søraust til Norse og kyrkjegarden ved Vår Frelsers kyrkje. I 1934 vart og kona Gunhild Bergitte gravlagd der.

Kjelder

I Noreg
  • Ryningen, Alfred: Valle kommune: Gards- og ættesoge Valle, band 1, s. 344. Utg. Valle kommune. 1985. på nb.no
  • Ryningen, Alfred: Valle kommune: Utvandringi til Amerika, band 10, s. 130. Utg. Valle kommune. 2000. på nb.no
I USA
  • Norlie, O.M. (red): Norsk lutherske prester i Amerika 1843-1913 s. 168, Augsburg Publishing House, Minneapolis, Minnesota. 1914.
  • Norlie, O.M. (red): Norsk Lutherske Menigheter i Amerika 1843-1916 s. 841-5, Augsburg Publishing House, Minneapolis, Minnesota. 1918.
  • Syversen, Odd Magnar: Norge i Texas, s. 36-37 (familiens pass fra Valle), 223-4, 245, 386. Utg. Stange historielag. 1982.
  • Festskrift til Den norske Synodes Jubilæum, 1853-1903, s. 417. Utg. Den norske Synodes Forlag. 1903 på nb.no
  • St. Olaf Lutheran Church, Cranfills Gap, TX: September Newsletter, s. 2-3. 2017.
  • Clifton College på nettsidene til Texas State Historical Association.
  • «Fest for Pastor Rystad» i Decorah-posten, tirsdag 23. oktober 1928, s. 3.
  • «Den norske kirke i Texas» i Nordisk Tidende, torsdag 29. mai 1930, s. 23.
  • Texas, County Marriage Index, County of Bosque: 11 jun 1879, s. 198.
  • John sitt gravminne på Our Savior's Lutheran Cemetery i Norse, Bosque Co., Texas via findagrave.com.
  • Minneord i Brownsville herald 16. mars 1932, s. 2.
  • Dødsattest frå Dallas, Texas, for J.K. Rystad frå 1932.
Folketeljingar
  • United States Census, 1910 Texas, Bosque Justice Precinct 8 ED 17, s. 8.
  • United States Census, 1920 Texas, Bosque Justice Precinct 8 ED 49, s. 7.
  • United States Census, 1930 Texas, Dallas Dallas ED 20, s. 74.
Skatteprotokollar
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Bosque county 1882, s. 119, line 7.
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Bosque county 1885, s. 153, line 43.
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Bosque county 1886, s. 152, line 20.
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Bosque county 1887, s. 153, line 39.
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Bosque county 1888, s. 156, line 14.
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Bosque county 1889, s. 161, line 7.
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Bosque county 1890, s. 172, line 14.
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Bosque county 1891, s. 158, line 23.
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Dallas county, Precinct no. 1 1891, s. 685, line 37-38.
  • Texas, County Tax Rolls, 1837-1910 Dallas county, Precinct no. 4 1893, s. 175, line 36-37.
Dokument vedrørande borna
  • Dødsattest frå Tyler, Texas, for George Edward Rystad frå 1935.
  • Dødsattest frå Clifton, Bosque Co., Texas, for Conrad M. Rystad frå 1962.
  • Dødsattest frå Clifton, Bosque Co., Texas, for Mary Eleanor Rystad frå 1968.
  • Dødsattest frå Clifton, Bosque Co., Texas, for Anna Gunild Rystad frå 1975.
  • Vigselsattest frå Carson City, Ormsby Co., Nevada, for Agnes Rystad og Charles Preston Jones, 6. oktober 1939.