Jamie Lodberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. desember 2011 kl. 15:36 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Jamie Lodberg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jamie Lodberg klar til å dra ein slått

Jamie Lodberg (James Allan) (fødd 1973 i London, Ontario, Canada) er IT-konsulent i Valle kommune. Han kom til Valle i 2007 for å lære å spele hardingfele. Med danske anar har Jamie Lodberg tidlegare vore tilsett hos Bang&Olufsen i Danmark. Han er lærar i Valle kulturskule og bur på Rysstad. Han skriv dansk, talar vallemål og er aktiv utøvar av folkemusikk på hardingfele og munnharpe, både på Landskappleiken og på Setesdalskappleiken. I januar 2011 hadde Leiv Solberg eit program med han i Folkemusikktimen i NRK. Jamie Lodberg er ein av utøvarane ein kan få støtte gjennom Honorarfond for folkemusikk til å spele på ulike arrangement, og han stiller gjerne opp.

Eksterne lenker